Eg har hatt ferie i to dagar, pluss helga som var. Ferien min er ikkje av det gjennomplanlagte slaget, men det er kanskje det beste med han. Det er vel det som er ferie. Det einaste eg veit om ferien er at eg skal hjelpe Kristin med å flytte på fredag, også bør eg vel nå målet, som er heime hos mamma og pappa, før dei reiser vekk på søndag. Også skal Kristin gifte seg neste laurdag, og då skal eg vere toastmaster. Eg synst det er kjekt at ho har spurt meg om det, sjølv om eg kviar meg litt. Eg har ikkje planlagt noko. Eg har heller ikkje noko å ha på meg. Også har eg ikkje kjøpt gåve. Det einaste eg har er ei bok om å vere toastmaster. Også har eg stappa bunaden min i ein koffert bak i bilen, sånn at eg kan ha han på meg om eg ikkje finn på noko anna. Det eg er mest redd for med jobben er at maten skal bli kald, fordi eg snakkar så mykje. Også er eg redd folk skal bli uvennar ved bordet eller synast at eg er skikkeleg teit. Vi får sjå. Men sist eg skulle vere stemningsskapande frå ein talarstol, påstod folk at dei flirte med meg.
I morgon startar andre etappe av bilferien min. Eg har skaffa meg ein ny cd til bilen, også har eg eit håp om at kaffitraktaren min skal vise seg frå ei betre side enn på forrige etappe. No har eg jo litt rutine.
Det beste med å ha ferie hittil. Rangert etter innfall.
1. Eg har vore oppe utover natta og gjort unyttige ting, som å skrive i denne bloggen og ta google-søk på mitt eige namn.
2. Eg har truffe folk eg ikkje treffer til vanleg, som eg liker å vere i lag med. Og enno har eg mange igjen som eg skal vere med i dagane framover.
3. Eg har møtt nokre nye folk, som eg likte å vere i lag med.
4. Eg har gått ein lang fjelltur på ein måndag.
5. Eg har fått mange gode idear, som eg vanlegvis ikkje får, fordi eg då prøver å presse dei ut av hovudet til klokka 0830 om morgonen. No kjem dei berre rekande på ei fjøl, også skriv eg dei ned i ei bok. ( No sjekka eg boka mi, og det er ting som tyder på at eg overdreiv litt. Førebels står det berre ein ting på sida: Idear: Men eg har framleis trua)
6. Eg trur eg har blitt litt mindre grå i andletet.
Oi, no høyrer eg at mannen i etasjen over klimprar på gitaren sin og syng songar. Eg høyrer ikkje kva han syng, men det får meg til å tenkje på den sommarsongen til LillebjørnNilsen: "Det er sommer, det er varmt om natten. Liv har tatt på seg den hvite hatten. osv...." Det er kjekt å høyre på. Kanskje han har ferie han òg.